Reko-ringen Sogndal
Korleis få til ein enkel sals- og kjøparkanal mellom lokalmatprodusentar og lokalmatkjøparar er og har vore ei av dei store utfordringane å auke opp salet av lokalprodusert mat. Sal på nett gjorde dette lettare, men postlegging og distribusjon kan framleis vere ei utfordring. For små produsentar er fysiske møte truleg …
Open økologisk gard
I samarbeid med Oikos og Biologisk dynamisk forening og er eit ope arrangement for alle. Her kan de møte opp i fjøsen til Jostedal Samdrift for å sjå på sauehaldet der og ta ein tur for å sjå på foredlingsanlegget til Brelam hos Einar Blikra. Sjå her for meir informasjon …
Rein mat?
Foredlingsanlegget og arbeidsrutinane våre er utarbeida i samarbeid med Mattilsynet og sikrar at alle produkt har høgste kvalitet. Men kva med radioaktivitet? Radioaktivitet finn ein rundt oss over alt utan at me ser det. Nivåa er harmlause for oss, men opphoping kan vere skummelt. I Jostedalen har me sidan Tsjernobel-ulykka …
Sal sommaren 2017
Då står sommaren for dør og kald spekemat passar perfekt i sommarvarmen, anten som eit måltid med t.d. potetsalat eller som snacks på terrassen saman med noko godt i glaset. Brelam har tilgjengeleg både spekepølse og fenalår nå i sommar som kan bestillast direkte av Einar Blikra på 976 47 …
Førebuing til sommarsesongen
Etter eit godt sal i jula, måtte me sette i gang ein ny produksjonsserie. 300kg med sauekjøt er nå klar til å bli spekepølse som blir klar til sommarsesongen. Me har eit samarbeid med Breheimsenteret om leige av produksjonslokale og me vil prøve å selje mot turistar som kjem til …
Ny logo
Olav Arild Barsnes har laga ein ny logo til Brelam. Han har klart å få med alt på liten logo. Klarar du å sjå «alt»?
Oppstart av ordinær drift
Då er me ferdig med forprosjektet og skal tilpasse oss ein kvardag… Produksjonslinja med internkontrollsystemet er godkjent av Mattilsynet, produkta er godkjent som økologiske av Debio og då er det berre å setje i gang.
Kva er Brelam
Kva er Brelam? Lengst oppe i fjella, klemt inn mellom Breheimen og Jostedalsbreen, driv tre sambygdingar eit felles føretak med sau. Fram til 2007 dreiv dei kvar for seg på kvart sitt familiebruk med 30-60 vinterfora sauer. Som del av eit bygdeutviklingsprosjekt vart tankane om at ein kunne drive enklare …
Erfaringar med forprosjektet
Takk til alle som har kome med tilbakemeldingar, både for å forbetre oss og for å gje støtte. Både tilbakemeldingane og prosessane er me så nøgde med at me held fram. Nå i 2017 etablerer me eit eige føretak for foredling, Brelam AS. Vidare må me jobbe med sortimentet, sikre …